På samling på høgskulen fekk vi vite at vi skulle laga hattar, eg må berre seie at eg vart ein smule skeptisk, noko som viste seg å vere unødvendig. Eg trur absolutt at barn i barnehagen kan laga sine eigne hattar, men ein må då vere kritiske til kva materiale ein velger. Og for dei minste barna er det sikkert greit å lage ein grunnstamme til hatten som barna kan dekorere. Eg laga ein av kronepapp pynta med silkepapirroser, og ein av plastbindeband pynta med fjær og plasstrå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar