fredag 14. januar 2011








Og så eit lite tilbakeblikk frå førjulskosen i barnehagen. Eg laga ei stor skisse av ein julenisse. Denne vart dekorert med kollasj. På avdelinga der eg jobbar er det barn frå 2.5 år til 3.9 år. Eg prøvde å engasjere flest mulig i prosjektet, men det var barna på 3.5-3.9 år som var mest aktive. Dei reiv små bitar i papir frå ukeblad og katalogar, og vi fekk veldig mykje dialog kring dei ulike fargane. For å få litt system på dei ulike fargane, så tok eg kun lim innanfor dei områda som hadde lik farge. Barna var kjempe stolte over nissen, og brukte mykje tid å prate om den i adventstida. Det var ein metode som gjekk veldig bra å bruke i barnehage, men helst frå vel 3 år og oppover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar