fredag 21. januar 2011
fredag 14. januar 2011
På samling på høgskulen fekk vi vite at vi skulle laga hattar, eg må berre seie at eg vart ein smule skeptisk, noko som viste seg å vere unødvendig. Eg trur absolutt at barn i barnehagen kan laga sine eigne hattar, men ein må då vere kritiske til kva materiale ein velger. Og for dei minste barna er det sikkert greit å lage ein grunnstamme til hatten som barna kan dekorere. Eg laga ein av kronepapp pynta med silkepapirroser, og ein av plastbindeband pynta med fjær og plasstrå.
Og så eit lite tilbakeblikk frå førjulskosen i barnehagen. Eg laga ei stor skisse av ein julenisse. Denne vart dekorert med kollasj. På avdelinga der eg jobbar er det barn frå 2.5 år til 3.9 år. Eg prøvde å engasjere flest mulig i prosjektet, men det var barna på 3.5-3.9 år som var mest aktive. Dei reiv små bitar i papir frå ukeblad og katalogar, og vi fekk veldig mykje dialog kring dei ulike fargane. For å få litt system på dei ulike fargane, så tok eg kun lim innanfor dei områda som hadde lik farge. Barna var kjempe stolte over nissen, og brukte mykje tid å prate om den i adventstida. Det var ein metode som gjekk veldig bra å bruke i barnehage, men helst frå vel 3 år og oppover.
No er det lenge sidan sist eg har fått noko på bloggen min, så får starte med det gamlaste først. Det er frå stjerneprosjektet vi hadde på høgskulen der vi skulle lage stjerne av gammal embalasje. Den andre er laga av tom pappembalsje kledd med gult silkepapir og pynta med litt aluminium og strå. Medan den første er laga av fox-papir. Dette er absolutt noko som kan gjerast i barnehagen og, men ein må då tenke på kva materiale ein velge. Unngå til dømes gamle brusboksar og ting som kan gje skarpe kantar, og velge slikt som er lett å feste saman.
Abonner på:
Innlegg (Atom)