torsdag 12. mai 2011
Siste innspurt!
Då håpar eg alt er på plass! No har eg skrive fagstoff og finpussa. Og i morga skal alt settast fram og vere klart til vurdering av sensor. Så då er det berre å krysse fingrane og vente i spenning:)
søndag 8. mai 2011
Lappeteppe

fredag 6. mai 2011


Eg tok den eien utprøvinga med pappmasje og prøve malte med 2 ulike typar maling. Den eine sida brukte eg Satin acryl farge med tykk konsistens, og den andre brukte eg Blank, flytande akrylfarge, og eg trur nok det blir den første eg skal bruke på det endelege resultatet. Den var enklare å dekke med
torsdag 5. mai 2011
Vikinghjelm!
Eg studerte lenge på korleis det var best å feste "horna" på hjelmen, om det var med tape først, eller om det var med avispapir etter å ha lagt eit lag rundt hjelmen. Men fant ut eg skulle prøve å tape dei fast på ein og feste dei med avispapir på en...
Litt meir 2D





Her har eg brukt svamp å farga eit heilt lerret med Acryl farge i fargane raud og blå som var delvis blanda sammen. Denne har eg tenkt å dekorere med serviett.
tirsdag 3. mai 2011
Plastbolle.
Eg fant en vanlig bolle på kjøkkenet og la plastfolie rundt heile for å unngå at avispapir med lim skulle feste seg på bolle.
Pappmasje
Eg fekk tips om at hønsenetting var veldig fint å lage "Skjellett" til figura av pappmasje. men eg synest ikkje det var så godt. Det er hvertfall ikkje så enkelt for barn å bruke. for det blir skarpe strengendar når ein klipper, og eg syntest det var vanskelg å få papiret til å feste skikkeleg til hønsenettingen.
3D
Det var ikkje så enkelt å tove som eg trudde. Eg har derfor bestemt meg for å bytte materiale til den 3 dimensjonelle oppgåva. Eg vil prøve å bruke pappmasje i staden. Så no har eg vore å invistert i ballongar og tapetklister.


Eg begynte med å bruke ballong. Eg var litt usikker på kor mykje lim som trengs, og kor mange lag avispapir som må brukast. eg har no prøvd litt, men trur det er lettare å sjå kor det blir når tapeklisteret har tørka.
fredag 22. april 2011
Toving

Her har dei gamle kardene kjeme fram igjen. Det var ganske tungt arbeid, men det hjelpte å prøve litt og få sin eigen teknikk. Eg trur nok dette er noko barna i barnehagen hadde likt å få prøve. Eg synest ull er eit fint materiale å bruke i barnehagen. Både fordi det er eit naturmateriale og er veldig anvendeleg, men også fordi mange barnehaga har om husdyr, og det kan då vere naturleg å ta fram.




Ein dunge med ferdigkarda ull, etterpå er det fram med grønsåpa og begynne å jobbe sammen laga med ull. Det er nok ein jobb barnehagebarn vil like, men det tek litt tid, så kanskje det begynner å minke på tålmodigheta etter ei stund.
Til slutt mitt første ferdig tova produkt. Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det heng hvertfall sammen. Så første mål er oppnådd:)
3D
Etter mykje studering falt valget på bildet "De dødes dag", Mexico. Eg synest i utgangspunktet ikkje at dette er eit bilde som passar i barnehage. Men på leiting etter eit element til å jobbe vidare med falt valget på vikinghjelmen. I første omgang vil eg prøve å bruke ull som materiale. Eg har ikkje prøvd å tove før, så dette kan bli spennande.

Sauen Lilje måtte gje frå seg ull til det nye prosjektet mitt.



søndag 27. mars 2011
Nye utprøvingar

søndag 20. mars 2011
A2 og ein A6
No er også skissa til A2 klar.


Har også laga klart stoff til ein aplikasjon i A2 størrelse.

Og så vart det eit lite kort i A6. Dette er noko som passar godt for barn i barnehage. Eg har brukt tusj, men det går fint å bruke fargeblyantar eller andre ting og.

A3
No har eg endeleg fått somla meg til å tegne skissa opp i A3 størrelse.
Då prøvde eg den ut som aplikasjon på stoff, dette gjekk ganske greit, bortsett frå at eg gløymde å speglvende.... Godt det berre var ei utprøving:)
Dette var interessant og prøve, men blir nok ikkje aktuelt å gjere i barnehagen for det var mykje nåler og symaskin involvert i arbeidet:)
søndag 13. mars 2011
Akvarell.
Dette er farga med akvarellfargeblyant og sidan "måla" over med pensel med vatn på. Dette er noko barna i barnehagen sikkert vil synest er spennande,for i fargane forandra seg litt og blyantstrekane jamna seg ut.
På denne har eg brukt akvarellfargeblyantar på eit lerret, og "måla" over med pensel dyppa i vatn. Etter først å ha laga den over vart eg egentlig litt skuffa over denne, for fargane blanda seg inn i kvarandre, og vart ikkje så jamne og fine som i den første. Dette kjem eg ikkje til å prøve i barnehagen, for sjølv om eg prøvde å vere forsiktig vart det ikkje noko bra, så då trur eg det kan vere vanskelig for barnehagebarna.
lørdag 12. mars 2011
Karnevalshattar i barnehagen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)