fredag 22. april 2011

Toving





Ulla rett frå sauen, den er ikkje vaska eller noko. For etter det som eg har funne om toving i bøker og på internett, så tovar ulla best om den er "naturell", for den naturlige lanolinen er med i toveprosessen og gjer at fibera i ulla filtar seg sammen.



Her har dei gamle kardene kjeme fram igjen. Det var ganske tungt arbeid, men det hjelpte å prøve litt og få sin eigen teknikk. Eg trur nok dette er noko barna i barnehagen hadde likt å få prøve. Eg synest ull er eit fint materiale å bruke i barnehagen. Både fordi det er eit naturmateriale og er veldig anvendeleg, men også fordi mange barnehaga har om husdyr, og det kan då vere naturleg å ta fram.



Ein dunge med ferdigkarda ull, etterpå er det fram med grønsåpa og begynne å jobbe sammen laga med ull. Det er nok ein jobb barnehagebarn vil like, men det tek litt tid, så kanskje det begynner å minke på tålmodigheta etter ei stund.

Til slutt mitt første ferdig tova produkt. Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det heng hvertfall sammen. Så første mål er oppnådd:)















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar