torsdag 5. mai 2011

Litt meir 2D

Her prøvde eg med trykk. Eg smurte Satin acryl farve med tykk konsistens utover ei glasplate, først inn motivet med skafte på ein pensel, men bomma på størrelsen så eg fekk ikkje med heile motivet på papiret. På den andre tegna eg mønsteret med fingeren men det vart ikkje heilt som tenkt...

Akryl farge som eg har brukt svamp på å fordele utover på vanlig teikneark.



Her prøvde eg å klippe ut motivet i stoff og festa på eit ark, før eg smurte maling på, la ark over og rulla med kjevle. på den første rulla eg ikkje nok, og på den andre var arket eg hadde smurt måling på begynt å bli bløtt, så det "limte" seg fast i det andre når eg skulle ta dei frå kvarandre.





Eit lite forsøk på kva som var beste måten å lage serviett decopage. Prøvde først å smørre lim på arket, men den tørka for fort. Forsøk nummer 2 var å smørre lim på servietten, heller ikkje enkelt. Men forsøk nummer 3 der eg la servietten på underlaget, og hadde på så mykje lim at den trekte gjennom servietten og festa seg i underlaget gjekk fint.








Her har eg brukt svamp å farga eit heilt lerret med Acryl farge i fargane raud og blå som var delvis blanda sammen. Denne har eg tenkt å dekorere med serviett.



Lerret som eg har måla med Acryl farge grøn og gul som er delvis blanda med svamp. motivet har eg måla med pensel, og eg vart overraska over kor bra resultatet vart




Her har eg klipt ut motivet i krepp-papir og måla med svamp. Tanken var å lime dette på lerret som eg hadde måla på førehand, men krepp-papiret oppførte seg ikkje som eg hadde tenkt når det vart måla på, så desse har eg lagt til sides.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar