fredag 22. april 2011

Toving





Ulla rett frå sauen, den er ikkje vaska eller noko. For etter det som eg har funne om toving i bøker og på internett, så tovar ulla best om den er "naturell", for den naturlige lanolinen er med i toveprosessen og gjer at fibera i ulla filtar seg sammen.



Her har dei gamle kardene kjeme fram igjen. Det var ganske tungt arbeid, men det hjelpte å prøve litt og få sin eigen teknikk. Eg trur nok dette er noko barna i barnehagen hadde likt å få prøve. Eg synest ull er eit fint materiale å bruke i barnehagen. Både fordi det er eit naturmateriale og er veldig anvendeleg, men også fordi mange barnehaga har om husdyr, og det kan då vere naturleg å ta fram.



Ein dunge med ferdigkarda ull, etterpå er det fram med grønsåpa og begynne å jobbe sammen laga med ull. Det er nok ein jobb barnehagebarn vil like, men det tek litt tid, så kanskje det begynner å minke på tålmodigheta etter ei stund.

Til slutt mitt første ferdig tova produkt. Veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, men det heng hvertfall sammen. Så første mål er oppnådd:)















3D

Etter mykje studering falt valget på bildet "De dødes dag", Mexico. Eg synest i utgangspunktet ikkje at dette er eit bilde som passar i barnehage. Men på leiting etter eit element til å jobbe vidare med falt valget på vikinghjelmen. I første omgang vil eg prøve å bruke ull som materiale. Eg har ikkje prøvd å tove før, så dette kan bli spennande.

Sauen Lilje måtte gje frå seg ull til det nye prosjektet mitt.Det var ikkje så enkelt å få kopiert dette bildet, prøvde å scanne for så laste opp, men det ville ikkje bloggen vere med på. Så det vart avfotografering til slutt:) Dei første skissene