onsdag 3. november 2010

På denne samlinga på førskulelærer utdanninga fekk vi gruppeoppgåve med overskrifta: Vi lever på en stjerne". Vi skulle først teikne eit utkast, og diskutere kva materiale vi ville bruke. Etterpå skulle vi ut i området utanfor skulen og gjennomføre planen vår. Og her er resultatet etter ein time ute i styrt regnet, og kjekt var det:)
Den øverste har ramme av strå og fylt med mose. dei 2 neste er ramme av pinner og fylte med diverse visna blader og strå.








Den nederste er laga av never frå bjørk, både ramma og fylt med dette. Det var veldig kjekt og ein aktivitet som absolutt kan brukast i barnehagen. Både for å lære barna å ta vare på naturen og ikkje ødelegge trær og plantar som er levande, men også plantelære og kreativitet.




søndag 31. oktober 2010

Her har eg laga løktrykk med tekstilmaling på kvitt stoff saman med barna på avdelinga eg jobb. Barna er 2 og 3 år gamle. Eg har aldri prøvd løktrykk før, så dette var læring for både meg og barna:) Den eine løken delte eg tvers over ringane i løken og den andre på langs for å få litt variasjon.
Dei første som vart laga var med dei største barna, og dei var veldig opptatt av å trykke, men eg såg jo det når dei meir forsiktige barna skulle prøve så vart mønsteret i løken meir tydeleg når vi sette den litt meir forsiktig på stoffet.


Når malinga var tørka, brukte eg strykejern for å "herde" malinga sidan det var tekstiltrykk. Etterpå bretta eg stoffet på midten og sydde saman sidene...



og vips, så vart det ei pute:) Barna har sjølve stappa putene gode og mjuke med vatt, og snart er det nokre heldige fedre som skal få seg ein liten overraskelse:)


torsdag 23. september 2010

Her er det vesle utgangspunktet! Eit bilde var delt i 16 små bitar der alle fekk kvar sin som først skulle forstørrast opp og så dekkast med små papirbitar frå aviser og vekeblad


Og her er det ferdige resultatet! Den vesle biten min under, og heile det ferdige bildet til venstre. Utrulig spennade synest eg og lærerikt:) Absolutt noko å prøve med barna i barnehagen, men med eit litt enklare bilde. Teknikken vi brukte er Kollasj.

















Vi fekk og prøve trykk teknikkar. Vi hadde med kvar sitt kunstbilde som skulle takast eit lite utsnitt frå, som skulle forstørrast opp og lage nye bilder. Teknikkane som er brukt her er Monotypi og Collagrafi. Dette er også idear som heilt fint går å bruke i barnehagen.






onsdag 22. september 2010

No er vi i gang! Fekk utlevert oppgåveteksten til ei av eksamensoppgåvene i dag. Der skal ein ta utgangspunkt i eit kunstbilde av ein profesjonell kunstner. Det skal lagast analyse av bildet, og eg skal ta eit utsnitt som skal utforskast med ulike teknikkar. Dette skal tilslutt ende i bilder i A 2 og A 3 format. Så no er det berre å sette i gong fantasien, og prøve mange ulike teknikkar. Spennande!!

tirsdag 21. september 2010

Bloggen min

Hei!!
Denne bloggen skal eg bruke i forbindelse med undervisninga i forming i førskulelærerutdanninga mi. Så i framtida vil det dukka opp små og store prosjekt.